Lomonosovryggen – det viktigaste fjellet du aldri vil kunne klatre opp

Det undersjøiske fjellet Lomonosovryggen kryssar Nordpolen frå Russland til Canada og spelar ei vesentlig rolle i argumenta til motstridande territorialkrav rundt heile polarsirkelen. Dersom krava i relasjon til Lomonosovryggen vinn fram, om enn aldri så lite, vil vi sjå endringar i maktbalansen i dei nordlegaste områdane når tidlegare internasjonale farvatn blir kontrollerte av ein stat.

Av Elin Monstad*

Ein av dei største fjellkjedene på kloden ligg på botnen av havet og kryssar Nordpolen frå Russland til Canada. Det er mange undersjøiske fjell i verda, men få er like pikante som denne. Ho heiter Lomonosovryggen, strekk seg over nesten to hundre mil frå dei russiske Nysibirøyane via Grønland til den kanadiske Ellesmereøya og er plassert midt i utallege internasjonale diskusjonar og motstridande framtidsplaner.

Årsaken til dette er like enkel som han er komplisert. Islaget på Nordpolen har begynt å bli meir ustabilt enn det har pleidd å vere. Dimed vender dei arktiske statane blikket meir målbevisst nordover enn dei har gjort på lenge. Og det dei ser, er ein sjanse. Dette er nemlig ikkje berre eit fjell, det er eit av dei mest vesentlege argumenta i motstridande territorialkrav rundt heile polarsirkelen. Per 2018 har både Russland, Danmark og Canada gjort krav på å utvide eigne territorialfarvatn med støtte i det at denne fjellkjeda så openbart viser at nettopp deira territorium burde vere større enn det er. I tillegg er både USA og Noreg stadig meir interesserte i området.

Nordpolen er ikkje eigd av nokon stat, og internasjonal rett sikrar at ingen heller kan gjere krav på han. Dei fem nemnte landa har kvar si eksklusive økonomiske sone som gjer dei rett til utnytting av havet på sin kontinentalsokkel inntil 200 nautiske mil (37 mil) ut i havet. FN sin Havrettskonvensjon (UNCLOS) regulerer aktivitet i områda utanfor denne sona. Er havet djupt, er dette forholdsvis likefram, men det blir straks meir komplisert på grunne farvatn – som er det vi har over Lomonosovryggen. Då blir det nemlig konflikt mellom grensedragningane.

Det høge nord har for det meste vore ganske uinteressant for dei fleste, i stor grad fordi det er eit utilgjengeleg og vêrhardt område. Det var rett nok stor spenning knytt til det å finne Nordvest- og Nordaustpassasjane over Canada og Russland, men desse har aldri blitt store transportårer og sjølv med moderne teknologi er desse sjøvegane vanskeleg forserbare størsteparten av året. Dimed har dei arktiske områdane med alle sine ressursar i stor grad fått vere i fred. Men no er dette på veg til å endre seg. Temperaturen i nord stig raskt, og prosessen går fortare jo mindre is som er der. Dersom isen held seg borte vil vi kunne sjå ei sterk auke i talet på transportskip som nytter den nordlegaste ruta mellom Asia, Europa og Amerika. For eksempel vil ei reise mellom hamnene i Kina og Rotterdam kutte drastisk ned på både tids- og brennstoffsforbruk. Den som har kontroll på reiseårane vil ha store innteningssjansar og stor makt. Foreløpig er det Russland og Canada som ligg best til, sidan dei første områdane som eventuelt blir tilgjengelege går like nordafor dei. Men, dersom isen smelter nok, vil kontroll over Lomonosovryggen og stadane rundt kunne vise seg å vere særs viktige kort med tanke på transport og næringsutvikling.

Den minskande isen og auka interessa for nordområda fører mellom anna til ei aktualisering av dei rettane urfolket i nord har og skal ha framover. Det er mykje enklare å få gjennomslag for krav og respekt for sjølvråderett når ein bur på ein plass majoritetsfolkesetnaden ikkje har store interesser i. No når dette endrar seg er det ein sjanse for at fleire av dei kampane urfolket allereie har gått gjennom må bli tatt på nytt igjen. Korleis dét skal gå er eit ope spørsmål, men det er enkelt å sjå for seg at dei vil vere avhengig av støtte frå andre for å kunne halde på den graden av retter dei allereie har. Vi har for eksempel sett i Noreg kor vanskeleg og langvarig diskusjonar mellom økonomiske og andre interesser kan bli i disputtane om kor langt nord iskanten skal gå. Dette er linja som definerer kor ein kan drille etter olje, og sjølv om det per no ser ut til å vere ei viss ro rundt temaet har det tydeleg vore ein komplisert prosess med oppheita innspel frå mange sterke aktørar. Men, olje er langt i frå det einaste verdifulle i nord. På land er det store mineralførekomstar å finne, og i havet er det store områder med fisk. I tillegg kjem andre aktiviteter, som vind- og vasskraft eller infrastrukturelle utviklingar. Mykje av desse aktivitetane skjer på områder som trenger inn på urfolket sine tradisjonelle områder. Der slike konfliktar oppstår, vil det kunne vise seg vanskeleg for små og allereie marginaliserte grupper å stå imot mektige aktørar på eigen hand.

Dersom krava i relasjon til Lomonosovryggen vinn fram, om enn aldri så lite, vil vi gjerne sjå endringar i maktbalansen i dei nordlegaste områdane når tidlegare internasjonale farvatn blir kontrollerte av ein stat. Dette er ikkje det same som å seie at ein bør gå rundt å frykte alle endringar, men det illustrerer kor sentralt eit tilsynelatande lite interessant spørsmål kan vere. Kor tilgjengeleg er eit fjell langt nede på havbotnen, og kven skal få lov til å finne det ut?

 

*Elin Monstad er stipendiat ved Institutt for sammenliknende politikk, Universitetet i Bergen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s